Praktisk informasjon

Om tingstaden

Tusenårsstaden Gulatinget er ein minnepark til ære for Gulatinget som vart opna i august 2005. Dette er tusenårsstaden både for Gulen kommune, og for tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Håkon Håkonssons saga fortel at kongen lot bygge ei kyrkje i Guløy nord for Bergen, og flytte tinget dit. Guløy er halvøya ein ser ved Tusenårsstaden, og minneparken til Gulatinget er difor lagt her. I parken kan du oppleve Bård Breivik sine kunstinstallasjoner, slik som den majestetiske Tingveggen.

Parkområdet

1. Grindbygget

Sjå boksen under for meir informasjon.

2. Bocciabane

Boccia er eit kjekt spel ein kan spele individuelt eller på lag der målsettinga er å komme nærmast med sin kule til markørkula.

3. Amfiet

Publikumsområde med utsikt mot Tingveggen og Tinghella.

4. Tingveggen

Tusenårsstaden Gulatinget er utsmykka med monumentale kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Dei majestetiske installasjonane Tingveggen, Tinghella og Eldsirkelen ber bod om den innverknaden Gulatinget har hatt for Noreg som nasjon. Skulpturane er supplert av "tingmenn" - individuelle skulpturar plassert i landskapet.

5. Sandvolleyballbane

Sandvolleyballbana held internasjonale mål og følgjer Norsk Volleyballforbund sine forskriftar.

6. Badevik

Ei flott og skjerma badevik som passar for både dei aller minste og dei som er eldre. Det er tilkomstveg ned til vika.

7. Turstiar

Det er opparbeida eit turstinett i heile parken som gjer det mogeleg å tilbringe ein dag med turgåing og rekreasjon i parken. Det er også rydda tursti opp til Guløytoppen, og det er laga 1 km turveg ut til vestre neset.

Sanitæranlegg

Tusenårsstaden er utstyrt med eit oppvarma og ventilert servicebygg: 4 dametoalett, 3 herretoalett, 1 HC, 1 urinal, 7 vaskar, 2 dusjar. Stellebord for barn (på HC). Vassuttak på utsida for campingvognar/ bubilar. Boss 2 x 600l bosskontainare. Sanitæranlegget er normalt ope heile året. N.B. Grunna Covid-19 er anlegget ope kun etter avtale i 2021.

Grindbygg

Parken er utstyrt med eit grindbygg innreia som ein viking gildehall, med langbord og benker med skinn. Her tek vi i mot grupper til lunch mot førehandsbestilling. Etter avtale kan og grindhuset leigast til private selskap.

Straum

Det er 3 straumskap i parken. Kvar har 400V og 6 x230. Nøkkel til straumskap må avtalast med Gulen kommune i forkant av arrangement.

Gjestehamn (privat)

Gjestehamna har stor kai med 11 meters djupne og tilhøyrande flytebrygge. Gjestehamna er i privat eige, så kontakt Signe Lovise Flolid på 91 31 41 42 for å avtale eit eventuelt anløp.

Aktivitetar

Tusenårsparken har eit flott turanlegg, badevik, bocciabane og sandvolleyballbane.

Noko du lurar på? Ta gjerne kontakt med oss

Lyst til å leige parken?

Reiseruter

Gulatinget ligg på Flolid i Gulen kommune. Det finst mange måtar å reise til Tusenårsstaden på, der dei vanlegaste er bil, båt og kollektivtransport.

Bil

Gulatinget ligg langs Fv605. Under finn du tre reiseruter frå Bergen i sør, Førde i nord, og Sogndal i aust.

Bergen Førde Sogndal

Kjem du frå nord må du krysse Sognefjorden. Informasjon om ferjeruter finn du på entur.no

Båt

Det ligg ei privat båthamn like ved Gulatinget som kan nyttast etter avtale. Sjå infoboksen over. I Eivindvik 5km frå Gulatinget er det og ei større båthamn utstyrt med toalett, dusj og moglegheit til å fylle drivstoff.

Kollektiv

Det er hurtigbåtanløp til Sollibotn, 3.5km frå Eivindvik og 7km frå Tusenårsstaden. Buss?

Informasjon om kollektivtilbod til Tusenårsstaden finn du på entur.no


Om Eivindvik

Informasjon kjem snart