Book ei omvising

Velkommen til ein møtestad for lov og rett

Gulatinget er eit av dei eldste regionale tinga frå vikingtida. Her samla nordmenn frå Vestlandet seg for å drøfte politikk, lage lover og dømme i saker frå 900 til 1300. Tinget gav oss Gulatingsloven, som er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden, og i dag står Tusenårsstaden til minne om Gulatinget i flotte omgjevnadar 4 kilometer utanfor Eivindvik i Gulen kommune.

Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid, 4 kilometer aust for Eivindvik. Her kan du oppleve Bård Breivik sine monumentale kunstverk. I Eivindvik og på Flolid er det tilrettelagt kulturvandringsløyper, som du kan følgje på mobil eller Ipad. Gå inn på kulturvandring.no, så finn du alle løypene i regionen.

Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid og Eivindvik ligg midt i Gulen kommune. Du kan kome til oss via bil, båt eller kollektivtransport. Sjå her for meir informasjon om reiseruter.

Tusenårsparken har fasilitetar som gjer den til ein praktisk og triveleg stad å besøke, både for einskildpersonar og større grupper. Sjå her for meir informasjon om fasilitetane våre.

Vi oppmodar deg til å vitje Eivindvik der du finn dei to korsa på plassen Gulatinget først var samla. På Flolid kan du vandre på Guløy, der sagalitteraturen hevdar at Gulatinget vart flytta, truleg mot slutten av perioden det var i Gulen. Sjå denne sida for meir informasjon.

Kontakt oss gjerne

+47 57 78 20 06


gulatinget@gulen.kommune.no


@gulatinget