Gulatinget 2024

Gulatinget 2024

23. - 25. august 2024 har vi gleda av å invitere til ei stor jubileumsfeiring i høve Nasjonaljubileet Norge i tusen år og Landslovjubileet 750 år. Med verdiane folkestyre, tillit og fred ønskjer vi å fornya og aktualisera Tusenårsstaden Gulatinget for framtida.

Lokal medverknad er viktig for at målet med feiring kan realiserast i praksis. Gulatinget 2024 skal jobba med verdiar i lovverket, og i jubileumsåret har vi von om at vi i fellesskap, skal få ei djupare forståing av omgrepa; folkestyre, tillit og fred. Kva har dette betydd i ei historisk samanheng og korleis forstår vi omgrepa i dag? Born, ungdom og eldre, lag og organisasjonar er alle viktige stemmer. Kanskje brenn du for ei sak du meiner er viktig for bygda di, eller du løfter stemmer gjennom frivillig arbeid? Alle er vi viktige bidragsytarar for å byggja berekraftige lokalsamfunn.

Opninga av jubileumsåret 9. september 2023, med elden frå Stiklestad og Rennande Blått. Leiar for Nasjonaljubileet Noreg i tusen år, Borghild Lundeby, kom med flammen frå Stiklestad. Kunstnarar medverkande under Rennande Blått var Karl Seglem, Tone Einelia og Birk Nygård. Foto: Gøril Sætre.

Våre samarbeidspartnarar