Verdiar i Lovverket

Folkestyre Tillit Fred

23. – 25. august 2024
Kjøp billettar her

Kontakt

Tone Ekerhovd
Telefon: +47 908 48 497
E-post: tone.ekerhovd@gulen.kommune.no

Fagkonferanse

Fagkonferanse fredag kl. 11.00 – 17.00 og laurdag kl. 11.00 – 14.00

Dette året vil Gulatinget vere staden for samtalar mellom folk, folkevalde, forskarar, forfattarar, kunstnarar og engasjerte samfunnsdebattantar frå heile Noreg. Fagkonferansen blir arrangert i Skjerjehamn med båttransport til Gulatingsparken. Sjå sida «Praktisk info» for meir informasjon.

Fredag (Overordna tema: Tillit): Jørn Øyrehagen Sunde, Berit Reiss-Andersen, Eva Joly, Jostein Kobbeltvedt, Elisabeth Ivarsflaten, Leonora Onarheim Bergsjø, Dag Wollebæk, Ánde Somby, Marie Skeie og Mona Ringvej

Laurdag (Overordna tema: Fred): Cecilie Hellestveit, Ingeborg Breines, Steinar Larsen, Irene Kinunda Afriyie, Hanne Sophie Greve, Line Khateeb.

Foredragshaldarane skal formidla tankar, idear og kunnskap om folkestyre, tillit og fred. Hilde Sandvik vil stødig styra dei to dagane med jubileumskonferanse.

Desse markante tenkjarane og samfunnsdebattantane ser med begeistring på prosjektet Gulatinget 2024. Det er ikkje tilfeldig. Diverre er det meir aktuelt enn nokon gong å diskutera korleis det står til med demokratiet vårt. For å få meir forståing av dette, må vi evna å sjå både bakover og framover i tida. Vi har stor von om at seminaret skal gi oss innsikt og auka forståing av korleis det står til med folkestyret vårt, tilliten i samfunnet og vår draum om fred i verda? Kva fins av lærdom i historia vår? Fins det noko som kan styrkja oss i håpet om framtida?

OBS: Det går båt mellom Skjerjehamn og Gulatingsparken etter seminarslutt begge dagar. Det blir servert lunch og middag til deltakarane.


Finna Stad «Ly» kunstutstilling

Fredag og laurdag frå kl. 14.00 til programslutt for dagen. Opa utstilling frå fredag kl. 18.00 med offisiell opning kl. 21. Sundag kl. 10.00 – 14.00
Eit sosialt kunstprosjekt av kunstnarane Tone Einelia og Petra Rahm. I over eit år har dei gjort seg kjende med menneske og stadar i heile Gulen. Utstillinga speglar menneskemøter, fysiske og immaterielle minner frå deira reiser til Gulen.

Jens Wendelboe m/ Hardanger Big Band

Fredag kl. 19.30 i Eivindvik kyrkje
Jens Wendelboe er kjend frå bandet Blood, Sweat & Tears og er ein framifrå komponist, musikar og orkesterleiar. Denne kvelden skal han saman med Hardanger Big Band skapa evig ekko i fjella rundt Gulatinget.

OBS: Konserten er flytta frå Gulatingsparken til Eivindvik kyrkje.

Hidden Souls of Dreams

Fredag kl. 22.30
Ei heilt spesiell konsertoppleving. Dette er eit kunst- og musikksamarbeid mellom Winter Lazarus og Heidi Torsvik, saman med gjesteartistar, Karl Seglem og Ronni Le Tekrø frå TNT. Ulike verdnar smeltar saman og slik blir dette ein heilt ny musikalsk stad.

Winter Lazarus er nominert ikkje mindre en 12 gonger til ulike Grammys, og har vunne fleire kategoriar av dei gjeve prisane, både som komponist og artist. Heidi Torsvik er musikar og songar frå Bergen som bevegar seg både breitt og djup innan musikk, film og scenefeltet. Hidden Souls of Dreams er ei framsyning som garantert kjem til å kjennast på kroppen, og som vi kan ta inn med alle våre tilgjengelege sansar.

Prosjektet presenterer også eit rikt innhald av visuell kunst frå visualist Audri Phillips og Bjørn Are Evjen, i samarbeid med Birk Nygaard på Tingveggen.

Fargespill

Gratis familiekonsert. Laurdag kl. 15.30 – AVLYST

Konserten med Fargespill er dessverre avlyst.

Festførestillinga «Dei Guddommelege Søstre»

Laurdag kl. 21.30
Ein samproduksjon mellom Gulatinget og Den Natonale Scene, i samarbeid med Kyrkjekultur Vest AS.

Kunstnarleg konsept: Ragnhild M. Gudbrandsen. Tekstar: Jon Fosse, Ruth Lillegraven, Maria Tryti Vennerød og Brynjulf Jung Tjønn.
Regi: Hilde Sol Erdal. Musikalsk produsent: Helge Lilletvedt Musikarar: Karl Seglem, Kåre Opheim. Skodespelarar: Sissel Ingri Tank-Nielsen, Tomine Mikkeline Eide, Katrine Dale, Reidun Melvær Berge. Dirigent: Mikael Hedné Kor: Multa Paucis. Visuelt innhald på Tingveggen: Birk Nygård Lysdesign: Thale Tollefsen.

Anita Nordheim Blues n´ Groove Company

Laurdag kl. 19.30
Anita Nordheim saman med musikarane Tore Kvalvik, Peter Sæverud, Mikael Chauvet Jørgensen, Hans Marius Andersen og Håvar Skaugen.

OBS: Konserten er flytta frå Gulatinget til Gulen kyrkje. Tidspunktet for konserten er også endra frå 22.30 til kl 19.30. Dersom du ikkje har kjøpt billett, er det er no også mogleg å kjøpe billett kun til dette arrangementet. Konserten kostar kr 250 og kan betalast med Vipps på førehand eller ved inngang.
Vipps nr. til Gulatinget: 123 265.

Etter at konserten i kyrka er ferdig, ca. kl. 20.30, går det shuttlebussar til Gulatinget der det vert festførestilling «Dei Guddommelege Søstre» kl 21.30. Det går shuttlebussar frå Gulatinget til Eivindvik etter festførestillinga. Båten til Skjerjehamn har fått ny avgangstid og går frå Eivindvik kl. 23.15.

Jubileumsgudsteneste

Sundag kl. 11.00
Vi har mykje å feira i dette jubileumsåret, og for fyrste gong i historia har Bjørgvin bispedøme fått kvinneleg biskop. Ragnhild Jepsen kjem for å halde jubileumsgudstenesta i Gulen kyrkje i Eivindvik den 25. august. Slik vil biskopen bidra til ei verdig og høgtidleg avslutning på det offisielle programmet denne jubileumshelga.

Demokrati- og menneskerettsseminar for ungdom

Utsett
Kva er eit demokrati? Kva betyr det at eit samfunn er demokratisk?

Vi inviterer elevar frå Vestland fylke til to dagar med demokrati og menneskerettseminar på Gulatinget. Det vil bli foredrag, samtalar, teater og konsert.

Dette er eit samarbeid mellom Gulatinget, Raftostiftinga og Høgskulen på Vestlandet.

Kjøp billettar her