Book ei omvising

Velkomen til Gulatinget 2024

23. – 25. august 2024 har vi gleda av å invitere til ei stor jubileumsfeiring i høve Nasjonaljubileet Noreg i tusen år og Landslovsjubileet 750 år. Gulatingslova er den eldste lova i Norden, og med verdiane Folkestyre-Tillit-Fred ønskjer vi å fornya og aktualisere Tusenårsstaden Gulatinget for framtida. Gjennom seminar, debattar og felles kulturopplevingar skal det leggjast grunnlag for ein konstruktiv dialog der ulike stemmer kan få plass. I dagens nettbaserte og globale verden har det blitt eit heilt nytt og annleis debattklima. Det er viktig at vi kan skapa rom for nyansar, framfør svart/kvitt og steile motsetningar.

Meir info

Tusenårsstaden Gulatinget ligg på Flolid, 4 kilometer aust for Eivindvik. Her kan du oppleve Bård Breivik sine monumentale kunstverk. I Eivindvik og på Flolid er det tilrettelagt kulturvandringsløyper, som du kan følgje på mobil eller iPad. Gå inn på kulturvandring.no, så finn du alle løypene i regionen.

Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid og Eivindvik ligg midt i Gulen kommune. Du kan kome til oss via bil, båt eller kollektivtransport. Sjå her for meir informasjon om reiseruter.

Tusenårsparken har fasilitetar som gjer den til ein praktisk og triveleg stad å besøke, både for einskildpersonar og større grupper. Sjå her for meir informasjon om fasilitetane våre.

Vi oppmodar deg til å vitje Eivindvik der du finn dei to korsa på plassen Gulatinget først var samla. På Flolid kan du vandre på Guløy, der sagalitteraturen hevdar at Gulatinget vart flytta, truleg mot slutten av perioden det var i Gulen. Sjå denne sida for meir informasjon.

Kontakt oss gjerne

+47 57 78 20 06


gulatinget@gulen.kommune.no


@gulatinget