Lær om Gulatinget

Gulatinget – ditt historiske klasserom

Demokrati, medborgarskap, identitet, og menneskeverd

Vi ønskjer at Tusenårsstaden Gulatinget skal vere ein levande historiestad som skapar undring, begeistring og bevisstgjering for barn og unge. Gulatinget er ein stad kor fortid møter notid, ein stad for engasjement og historisk identitetsskaping. Difor vil vi invitere skuleklassar og barnehagar til å bruke dette unike historiske klasserommet.

Historie er GØY!

Vi legg gjerne til rette for ulike spennande undervisningstilbod og aktivitetstilbod for skule og barnehage, f. eks. Vikingdagar, Gulatingsdag for Ungdomsskuletrinnet, drama/teater og workshops. Kontakt formidlar Tone Ekerhovd for å planlegge tur til Gulatinget med di skuleklasse eller barnehagegruppe:

Tone Ekerhovd
Tone.Ekerhovd@gulen.kommune.no
Mobil 908 48 497