Wenche Midthun har designa ein eigen Gulatingsgenser som kan kjøpast jubileumshelga. Her er litt meir informasjon om gensaren frå Wenche sjølv.

Ideen om å lage ein gensar som skulle vere eit symbol for Gulatinget kom våren 2024 etter at eg fekk høyre om Lovjubileet for Magnus Lagabøtes Landslov.

Symbola i mønsteret har si meining både historisk og i notida.

Nederst er det bølger. Alle som kom til Gulatinget i tidlegare tider kom med båt. Det var sjøen som var transportåre.

Det internasjonale symbolet for FRED er symbolet for kva eit regulert samfunn kan bidra til. Det er også symbol for grunnlaget for at eit samfunn skal vere stabilt og bygge tillit mellom medlemmane.

Urtreet Yggdrasil – eller LIVETS TRE, dette er opprinnelsen i det norrøne, og det som gir liv til alt levande. Det symboliserer også liv som er grunnlaget for eit fredfullt og godt samfunn.

Det gamle symbolet for BESKYTTELSE. Dette er eit svært gammalt symbol som ein finn i gamle skrifter. Dette står for beskyttelse, noko som er grunnleggande i eit lovregulert samfunn.

Det er også ein skinnlogo med Gulatinget sin offisielle logo i mønsterpakka.

Det er sjølvsagt mange andre symbol ein kunne tatt med i eit slikt design, men eg har valgt å ta desse då eg tenkjer det speiler noko av det viktigaste i denne samanhengen.

Dersom de ynskjer å bestille mønster og / eller garn til gensaren kan de ta kontakt på wencheirene1960@gmail.com