Kulturfest Gulatinget: Babettes Gjestebod og Jeanne d’Arc

4. og 5. juni inviterer vi til kulturfest på Gulatinget der teaterforestillingane «Babettes Gjestebod» og «Jeanne d’Arc» vil bli to høgdepunkt på programmet. Billettsalet har no starta og det er mogleg å kjøpe billettar til framsyningane separat, eller som ein samla pakke. Trykk på knappane under for å gå til bookingsida til «Kulturfest Gulatinget».

Billettar Kulturfest Gulatinget: Babettes Gjestebod og Jeanne d’Arc

Billettar Kulturfest Gulatinget: Babettes Gjestebod

Billettar Kulturfest Gulatinget: Jeanne d’Arc


Jeanne d’Arc

«Jeanne d’Arc», av og med Juni Dahr, er eit historie som skapar kjensler og undring rundt den franske jenta som verken kunne lese eller skrive, men som vart ein legendarisk hærførar, og til slutt brent som heks og kjettar.

Dette dramaet om ei ung kvinne sin endelause lidenskap og vilje til å ofre alt er basert på orginaltekstar og Jeanne sine eigne ord under rettsaka som resulterte i at ho som 19-åring vart brent på bålet i 1431.

Forestillinga hadde urpremiere på The Wall and Boyd Theater Los Angeles i 1988, og på scena finn vi skodespelar Juni Dahr og musikar Chris Poole. Den norske gjendiktinga er det Haldis Moren Vesaas som står for. Juni Dahr har spelt forestillinga i meir enn 40 land, og den har hausta eineståande kritikkar.

«Jeanne d’Arc» blir spelt 5. juni kl. 21:00 på tingstaden.


Babettes Gjestebod

Karen Blixens novelle Babettes gjestebod er kjend som ei fortejling om menneskleg toleranse. Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.

Ragnhild Gudbrandsen er skodespelar i framsyninga som har vore på turne i Vestland fylke, Trondheim og Oslo. Regi ved Stig Amdam.

«Babettes gjestebod» blir spelt 4. juni kl. 19:00 i Gulen kyrkje.

«Tvers igjennom nydelig spilt fortellerteater»
Lillian Bikset – Dagbladet

«Vakker teatermonolog. Stemningsfull framsyning av evig aktuell klassikar»
Jan H. Landro – Dag og Tid