Konsert og foredrag – Frode framfører «Slåttekanter»

Tid og stad: Gulen kyrkje torsdag 5. november kl. 19. Gratis inngang

Velkommen til ein inntrykksrik kveld!

«Slåttekanter» vart komponert av samningen Eilert Tøsse i 2022 på bestilling frå pianist og formidlar Frode Skag Storheim. Verket hentar inspirasjon frå dei 17 slåttane etter Knut Dahle som Edvard Grieg brukte i «Slåtter» op. 72.

Eilert har leika, vridd, vende og utforska hardingfeleslåttar, og skapt særeigne klaverstykke som det er ei stor oppleving å høyre Skag Storheim framføre.

Mellom slåttane vil Anne Hopland frå Gulatinget fortelje om Gulatinget og Gulatingslova.