Konsert – Eg går i tusind tankar

Konsertkåseri om Hans Nielsen Hauge av og med Frode Skag Storheim.

250 års jubilanten Hauge tilbakela vel 1500 mil til fots då han forkynte si tru, danna venesamfunn, og bidro til eit eventyrleg handels og industriverksamd tidleg på 1800 tallet. Kven var han? Og kva utrykk var han for si tid?

Dette konsertkåseriet tar lyttarane med inn i Hauges verd gjennom historie, musikk , og kunst. Vi skal sjå korleis Hauge var eit utrykk på ei gryande romantisk rørsle kor individet kunne reise seg mot overmakta og forkynne nye ideer – religiøse så vel som praktiske.

Billetpris kr 100. Billettsal i kyrkja.

Konserten er eit samarbeid med Gulen kyrkje og Gulen Frivilligsentral

Frode ( f 1988) kjem frå Radøy i Norhordland, og er utdanna pianist ved Griegakademiet, kor han hadde Audun Kayser, Jan Hovden og Torleif Torgersen som lærarar. Han studerte også orgel i to år under Stig Wernø Holsters leiing.

Frode er særs allsidig som utøvar og er ein begeistra formidlar, med humor og glimt i auge. Han har arbeidd som pianist ved bl.a Bergen Nasjonale Opera, Den Nasjonale Scene, Harmonien, og Sjøforsvarets Musikkorps, og er i tillegg aktiv som frilansar og solist både innanlands og utanlands.