Gulatingslova kjem til Norge

Det Kongelige Bibliotek i København inngår ein avtale med Nasjonalbiblioteket om langtidsutlån av fem sentrale manuskript frå norsk middelalderhistorie. Eit av desse dokumenta er det eldste fullstendig bevarte norske lovmanuskriptet, og dagleg leiar Anne Hopland i Gulatinget er svært nøgd med avtalen som no er inngått.

– Dette er heilt fantastisk! Det har vore eit ønskje i mange år å få Gulatingslova (Rantzauboka) til Norge igjen for utstilling og formidling. At ein endeleg har lukkast er eit fantastisk høve til å formidle det som var starten på norsk statsdanning, framveksten av rettssamfunnet, og etableringa av det norske forsvaret. Takk til Det Kongelige Biblioteket i København, Nasjonalbiblioteket, Kulturdepartementet, og andre som har bidratt til at Gulatingslova no kjem til Norge.

Du kan lese meir om saka på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.

Om du ønskjer å lese den digitale utgåva av Rantzauboka, og forstår gotisk handskrift, kan du finne den på Fylkesarkivet sine nettsider. Ei utgåve på nynorsk av Knut Robberstad er å finne på Nasjonalbiblioteket sine nettsider.