Gulatingslova blir del av Norges dokumentarv

Den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden vart i dag del av registeret Norges dokumentarv.

– Dette er både svært gledeleg og på tide. Gulatingslova er det einaste bevarte og komplette mellomalderhandskriftet vi har av ei norsk landskapslov. Ho syner korleis det norske samfunnet var organisert og fungerte i vikingtid og mellomalder. Lova representerer starten på statsdanninga her i landet, seier Stian Davies, som er leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i Vestland fylkeskommune.

Norges dokumentarv er eit register med dei viktigaste dokumenta i norsk historie, næringsliv, kulturliv og anna samfunnsverksemd. Blant dokumenta finn vi Grunnlova, det eldste brevet i landet frå 1189 og manuskriptet til «Et dukkehjem» frå 1879.

Lang rettstradisjon

Kvart år vurderer komiteen for Norges dokumentarv kva dokument som blir innskrivne i registeret. Anne Hopland er dagleg leiar for Gulatinget, og i år var andre gongen ho nominerte Gulatingslova. Første gongen var i 2018.

– Det er ein merkedag når Gulatingslova no blir del av Norges dokumentarv. Eg håpar dette kan gjere nordmenn meir bevisste på den lange rettstradisjonen Noreg har. Vi er eit land som var tidleg ute med å etablere eit samfunn som var tufta på lov og rett, fortel Hopland.

Ho legg til at ho neste år ønskjer å nominere lova til Memory of the World-registeret til Unesco, som er eit register for verdas dokumentarv.

Frå Gulatingslova til Grunnlova

Gulatingslova er delt inn i bolkar med tema som arv, odel, kjøp og sal, landleige, strafferett og forsvar. Lova sikra bøndene stor grad av autonomi og sjølvstyret og var på det området unik i europeisk rettshistorie.

Professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, har skrive mykje om og jobba mykje med Gulatingslova. Han trekkjer ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova av 1814.

– Grunnlova vår er inspirert av kontinentale rettstradisjonar og prinsipp. Men ho ber også med seg den norske rettstenkinga slik ho først vart formulert på Gulatinget. Gulatinget og Gulatingslova er beviset på at nordmenn var tidleg ute med å etablere eit system basert på eit egalitært styresett – eit folkestyre der «alle frie våpenføre menn» hadde rett til å møte. Grunnlovsmennene på Eidsvoll såg til både Gulatingslova og dei andre landskapslovene då dei laga Grunnlova, fortel Sunde.

Oppbevart i København

Gulatingslova er det første dokumentet som blir teke inn i Norges dokumentarv, som ikkje ligg i Noreg. Lova blir nemleg oppbevart på Det Kongelige Bibliotek i København. Der hamna ho etter at Christian Rantzau donerte lovboka til biblioteket i 1731. Rantzau var dansk statthaldar i Noreg.

Denne såkalla Rantzau-boka er datert til slutten av 1200-talet. Det finst eldre manuskript frå Gulatingslova, men dette er den einaste komplette utgåva. Gulatingslova er på nær 200 sider, er skriven på norrønt og med gotisk handskrift. Ho er digitalisert og tilgjengeleg på nett.

Gulatingslova var ei av fire landskapslover i Noreg i mellomalderen. Dei andre var Frostatings-, Eidsivatings- og Borgartingslova. Desse lovene gjaldt fram til dei blei avløyste av Magnus Lagabøte si Landslov i 1274. Det var den første lova som skulle gjelde for heile landet.

Om Gulatinget

Gulatingslova vart utforma på Gulatinget, som var landsdelsting for Vestlandet frå 900 til 1300. Gulatinget var ei årleg tingsamling i Gulen nord for Bergen.

Tinget var politisk forsamling, lovgjevande og dømmande makt. Det starta som eit allting for Hordaland, Fjordane og Sogn, men vart utvida til eit representasjonsting for heile Vestlandskysten frå Ålesund til Kristiansand.