Gulatinget Nasjonale Kultursenter

I revidert nasjonalbudsjett 2025 vart det løyva 3 millionar kroner til gjennomføring av ein anbodsprosess knytt til Gulatinget Nasjonale Kultursenter. Senteret har ein prosjektkostnad på 90 millionar kroner, og vil ved realisering vere eit spleiselag mellom kommune, fylkeskommune og stat.

Med bakgrunn i den historiske posisjonen Gulatinget har hatt for framveksten av Noreg som demokrati og rettsstat, er det sentralt at formidlinga for framtida kan gå føre seg i verdige rammer. Med dette som bakgrunn er det planlagd eit museum med ei interaktiv utstilling og eit senter for formidling av arven etter Gulatinget og Gulatingslova – Gulatinget Nasjonale Kultursenter. Gulatinget representerer dei tidlege prosessane i statsdanninga av Noreg, og desse prosessane kjem til syne gjennom Gulatingslova.

I ei tid med aukande global uro og svekt tillit til demokratiske institusjonar, er historia om Gulatinget viktigare enn nokon gong. For meir enn tusen år sidan vart grunnlaget for det moderne Noreg lagt på Gulatinget i Gulen kommune. Her møttest folk for å laga lover og løyse konfliktar. Utan å vere klar over det, starta dei etableringa av det norske folkestyret og den moderne rettsstaten.

Gulatingslova, den eldste kjende og bevarte lova i Norden, syner at folkestyret og kampen for rettstryggleik har djupe røter i Noreg og Norden. Gulatinget Nasjonale Kultursenter skal gjere denne grunnleggjande historia levande og relevant for folk i dag. Det blir Noregs første vitensenter innan humaniora, og skal vere ein stad for læring, refleksjon og interaktive opplevingar.

Senteret vil ha store positive ringverknader for regionen, gje auka verdiskaping lokalt og vere ein eineståande turistattraksjon nasjonalt og internasjonalt. Ved å støtte bygginga av Gulatinget Nasjonale Kultursenter sikrar Noreg si eiga kulturarv for komande generasjonar.


Gulatinget Nasjonale Kultursenter skal gjennom ulike tematiske, interaktive utstillingar, supplerande temporærutstillingar og gjenstandar, samt bruk av teknologi som levandegjere tinget; formidle dei prosessane som gjekk føre seg på Gulatinget, og som la grunnlaget for framveksten av eit rettssamfunn, eit styringssystem og eit system for forsvaret av landet.

Arkitektgruppen Cubus og Gagarin, som har utforma bygg og konsept for Gulatinget Nasjonale Kultursenter, har hatt som målsetting å skape eit anlegg med rike opplevingar og sterke sanselege inntrykk som gjer formidlinga forsterka og levande. Det nye anlegget skal bidra til at eit besøk på tusenårsstaden Gulatinget gjev innsikt i denne sentrale men ofte lite kjende delen av Norgeshistoria, gjennom opplevingar som stimulerer både intellekt og sansar.

Kultursenteret er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune og Gulen kommune, som vil stå som likeverdige eigarar.